Skåla, den vakre giganten, ruvar over Loenbygda. Ein sti bygd for hand, snirklar seg gjennom den grove steinura, 1848 vertikale meter frå fjordkanten. Og på toppen er det til og med to DNT hytter - ei veldig gamal, og ei veldig ny. Komande helg skal Skåla Opp arrangerast - Nord-Europas tøffaste motbakkeløp. Rekorden er 1 time 7 minutt og 6 sekund. Uforståeleg for dei fleste som har gått turen, men tydelegvis fullt mogleg.  

Norges beste turrute?

Skåla. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norge

Skåla. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norge

Turen opp er spektakulær, med utsikt over fjord, fjell og isbrear, og er tradisjonelt rekna å være den toppturen i Norge med størst høgdeforskjell frå fjord til fjell. På dei gamle hellelagde stiane og steintrappene frå 1891 og utover går du i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Det er ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjordnatur på alle kantar. Utallige dugnadstimar, tunge løft og godt samarbeid har skapt denne unike naturopplevinga, og no er Skåla ein av turane som er nominert som Norges beste turrute. Vi er ikkje i tvil, og håpar fleire stemmer på Skåla. Du kan stemme fram til 31. august på denne linken.

Om turen

Turen startar frå Tjugen ca 2 km frå Loen, nesten inne ved Lovatnet. Her er det parkeringsplass og informasjonstavle om Skåla. Turen startar på traktorveg, og går over på sti eit stykke oppe i skogen. Nokre stadar er stien hellelagt, og når du kjem høgt opp går stien over i steintrapper. Stien er merka etter nasjonal mal heile vegen. På toppen av Skåla er du 1848 meter over havet, og du får ei fantastisk utsikt over Jostedalsbreen, fjella og fjorden. Turen passar for normalt godt trente, og du bør normalt rekne mellom 3 og 5 timar opp. Det er mogleg å få med guide på turen. Sjå turbeskrivelse her. 

Ærverdig steintårn og moderne hytte

Skålabu. Foto: Bergen og Hordaland Turlag

Skålabu. Foto: Bergen og Hordaland Turlag

Skålatårnet. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norge

Skålatårnet. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norge

Skålatårnet og Skålabu er ubetjente DNT-hytter utanom det vanlege, for dei som vil ha ei overnatting eller lage seg ein kaffikopp på toppen. Skålatårnet var bygd i 1891, opphavleg som eit sanatorium, og framleis er det folkehelse som står i fokus, med trim og frisk fjelluft. Skålabu stod ferdig i oktober 2016, og skal avlaste tårnet for å bevare det i vintermånadane. Begge hyttene er drive av Bergen og Hordaland Turlag. 

Motbakkeløpet Skåla opp

Motbakkeløpet Skåla Opp startar ved Tjugen (28 moh) og målgong er ved Skålatårnet på toppen av fjellet 1 843 moh. Løpet vart første gong arrangert i 2002, og set alltid i sving eit enormt dugnadsapparat i den vesle bygda. Løpet har både konkurranseklasse og en mosjonsklasse. I år vert Skåla Opp arrangert 18. august. Det skal til og med arrangerast eit Mini Skåla Opp for dei yngste. Meir informasjon finn du på Skåla Opp si heimeside. 

Merk: Skålabu og Skåla er fullbooka 17. og 18. august grunna Skåla Opp.