Opplev fjellet på ein godt tilrettelagt sti til Skredfjellet eller Gjølrunden, med panoramautsikt mot fjord og fjell. Om ønskjeleg kan vi avslutte i Hoven Restaurant & Bar. Møtepunkt ved Loen Active i Loen. Pakken inkluderer Loen Skylift tur/retur.

Pris: NOK 1050 per person.

Turbeskrivelse

Denne turen gjev deg utsikt mot fjord, fjell og bre, og er tilpassa alle aldersgrupper. Frå Hoven til Skredfjellet går du på grusa tursti. Nokre korte bratte parti. Etter kvart får du utsikt mot fjorden og dei store dalføra innover mot Jostedalsbreen. Når du kjem opp på fjellryggen ser du Sunnmørsalpane i nord og Gjegnen i vest. Frå toppen ser du utover den 106 km lange Nordfjorden. I aust kan du skimte Skålatårnet 1848 moh. I sør ser du Oldedalen omkransa av isbrear.

Praktiske opplysningar

  • Oppmøte: Loen Active Base Camp i Loen.

  • Ankomst Hoven (1011 m.o.h.) med Loen Skylift.

  • Tid: 3 timar (1, 5 t. vandring)

  • Lengde: 4 km / 155 høgdemeter

  • Vanskegrad: Middels. Krev inga erfaring, kun normal fysisk god form.

  • Alder: Alle. Born må kunne gå avstanden sjølve eller vere i bæremeis.

  • Ta med: Vatn, fjellsko (kan leigast), varme klede, vanntett jakke.

  • Tilgjengeleg: Mai/juni - oktober.

  • Lunch: Lunch i Hoven Restaurant kan kjøpast etter turen. Baguett kan førehandsbestillast (seinast dagen før) til NOK 75.

  • Guide avsluttar turen ved Hoven Restaurant & Bar, så gjesten har valfri returtid med Loen Skylift.

  • Inkludert: Guide og Loen Skylift t/r.

  • Min. antal personar for å gjennomføre turen: 4 personar. Maks 15 personar per guide.

Tilbake til pakkane.

 

Send Førespurnad / bestilling