Oktoberfest Stryn

Oktoberfest Stryn

Årets store fest Oktoberfest Stryn skjer 20.-21. september, og i den forbindelse inviterer vi til både vorspiel og restitusjon i frisk fjelluft.

NB! Alle med gyldig billett til Oktoberfest Stryn får 20% rabatt på tur/retur billettar fredag, laurdag og søndag! Vis bandet når du kjøper billett i billettluka.

Fredag: Vorspiel med Hofbrauhaus Show

Hofbrauhaus Show, som inntil nylig var fast husband på verdens mest kjente taverna i Munchen, tok turen til Oktoberfest Stryn for fyrste gong i fjor. I år kjem dei igjen, og før konserten i “Bierstube” i Stryn fredag kveld varmar dei opp med ein minikonsert på Hoven kl 19:00.

Dei omtalar seg sjølv som ein bayersk godbit - «Gemutlichkeit» i ordets rette forstand. Frå scena fløymer musikalske delikatesser ut, i henhold til den ekte, bayerske oppskriften, pynta med godt humør og servert på en livleg måte. Godbitane spenner frå internasjonale hits til typisk Oktoberfest-stimmung. I dag reiser bandet verda rundt for å underhalde og bringe den riktige Oktoberfest-stemninga ut til folket.

Laurdag: Vorspiel med Tresfjord Janitsjar

Tresfjord Janitsjar sørger for god stemning, liv og røre og pur ompamusikk laurdag frå kl 15:30, og vil spele innimellom fram til ca kl 18:00.

Finn ut meir om fantastiske Oktoberfest Stryn!

Hoven Restaurant & Bar

Hoven Restaurant & Bar

Utan mat og drikke, duger helten ikkje.

Utan mat og drikke, duger helten ikkje.

Hofbrauhaus show

Hofbrauhaus show

Haustferie

Haustferie

_BD_8543_1500.jpg

Ta haustferien i Loen, med vandring, via ferrata, god mat og velvære. Loen Skylift held ope dagleg. Vi trur både store og små vil kose seg. For dei minste blir det vardevandring på Hoven heile haustferien. Og kanskje skjer det andre spanande ting?

Gå på fjelltur i dei vakre haustfargane, enten på eiga hand eller med guide. Kanskje du vil opparbeide litt adrenalin i klatrestien Via Ferrata Loen?  Vi har samla litt hausttips til deg på denne sida.

I 40 og 41 tilbyr Hotel Alexandra gode familiepakkar.  i midtveke. Her kan du også kose deg i Alexandra Bad & Spa.

Showmiddag med "Entertainers by Wallmans"

Showmiddag med "Entertainers by Wallmans"

Bli med på ein forrykande festkveld i Hoven Restaurant laurdag 26. oktober kl 20:00! Vi byr på ein spanande treretters meny som vert toppa av musikalske mellomspel frå “Entertainers by Wallmans!” Dette vert garantert ein festleg kveld!

Treretters meny med underhaldning samt tur/retur med Loen Skylift: 995,- per person.

Merk at det er begrensa antal plassar til arrangementet.

Wallmans_ontour_positiv.png

“Entertainers by Wallmans” kjem med dyktige artistar som byr på både solistnummer og smittande medleyer frå kjende låtar gjennom dei siste 10-åra. Det er sjølvsagt lov å synge med!

Etter middagen diskar ein DJ opp med fengande danselåtar! Siste bane ned er kl 01:00.

OVERNATTING PÅ HOTEL ALEXANDRA?

Hotel Alexandra tilbyr gode prisar på overnatting i samband med showkvelden på Hoven. Dobbeltrom frå kr 1150,- per person (enkeltromstillegg kr. 350,-), som inkluderer overnatting med frukost samt inngang i Alexandra Bad.

Ta kontakt for å bestille overnatting: 57 87 50 50 eller alex@alexandra.no

Whisky Dinner

Whisky Dinner

I samarbeid med whisky-ekspert og Senior Brand Ambassador for Diageo - Mikael Lunden - inviterer vi til Whisky Dinner 1011 meter over fjorden i Hoven Restaurant 9. november. Ei perfekt gåve til far dagen før farsdagen.

Vi serverer ein fire-retters meny med tradisjonell norsk mat med ein vri, kombinert med nokon av dei beste whisky-sortane som Mortlach produserer. Og kanskje blir det ein overraskelse eller to i løpet av kvelden?

Fire-retters meny, aperitiff og whisky, foredrag og billett tur/retur Loen Skylift: kr. 1295,-.
Siste bane ned er kl 24:00 denne dagen.

OM DESTILLERIET

Mortlach var navnet på den opprinnelige landsbyen som vart etablert rundt eit kloster, grunnlagt av Saint Moluag på 800-talet. Med bygginga av Dufftown i 1817 vart det gamle namnet på landsbyen avvikla, bortsett frå på destilleriet.

Destilleriet var det første som vart lisensiert i Dufftown, og vart grunnlagt av James Findlater, Donald Mackintosh og Alex Gordon i 1823. Det gjekk snart over i hendene til Grant-brødrene som “slakta ned” bygningane og brukte utstyret i deira destilleri i Rothes.

Det var George Cowie og sonen Alexander som frå 1850-åra starta opp whiskyproduksjon og styrte Mortlach til ein framtredande posisjon som ein malt blend.

Sjølv om ingen er sikre på kvar det unike destillasjonsregimet har sin opprinnelse, viser Mortlach sin tyngde og posisjon dette som eit av destilleria med ein sterk tru på dei eldre metodane å lage whisky på.

Mortlach var på Cowie sine hender til 1923 då det vart ein del av John Walker & Sons og derifrå via DCL inn i Diageo.

I 2014 vart det kunngjort at det skulle byggast “eit speilbilde” av det eksisterende destilleriet som, når det er ferdig, vil doble total kapasiteten..

2008-2019-103547759723621250358.jpeg

MIKAEL LUNDÈN

Med Mortlach si lange historie som bakteppe vil verten Mikael Lundèn ha ein full presentasjon av whiskyserien vi skal prøve, med litt tradisjonell norsk mat med ein vri. Mikael Lundèn har nesten 40 års erfaring med whisky, og som medlem av “The keepers of the Quaich” og Senior Brand Ambassador for Diageo, vil hans kunnskap og lidenskap gjere dette til ein fantastisk kveld på fjellet.

TRENG DU OVERNATTING?

Hotel Alexandra tilbyr gode prisar på overnatting i samband med Whisky Dinner på Hoven. Dobbeltrom frå kr 1150,- per person (enkeltromstillegg kr. 350,-), som inkluderer overnatting med frukost samt inngang i Alexandra Bad. Ta kontakt for å bestille overnatting: 57 87 50 50 eller alex@alexandra.no

BESTILL BILLETT TIL WHISKY DINNER

Bestill plass på denne linken. Merk at påmeldinga er bindande. Bestilte billettar kan hentast i Fjordshop. For spørsmål ta kontakt med oss på post@loenskylift.no eller 57 87 59 00.