I samarbeid med whisky-ekspert og Senior Brand Ambassador for Diageo - Mikael Lunden - inviterer vi til Whisky Dinner 1011 meter over fjorden i Hoven Restaurant 9. november. Ei perfekt gåve til far dagen før farsdagen.

Vi serverer ein fire-retters meny med tradisjonell norsk mat med ein vri, kombinert med nokon av dei beste whisky-sortane som Mortlach produserer. Og kanskje blir det ei overrasking eller to i løpet av kvelden?

Fire-retters meny, aperitiff og whisky, foredrag og billett tur/retur Loen Skylift: kr. 1295,-.
Siste bane ned er kl 24:00 denne dagen.

Det er begrensa antal plassar på dette arrangementet. Påmeldingsfrist 9. november kl 12:00.

OM DESTILLERIET

Mortlach var navnet på den opprinnelige landsbyen som vart etablert rundt eit kloster, grunnlagt av Saint Moluag på 800-talet. Med bygginga av Dufftown i 1817 vart det gamle namnet på landsbyen avvikla, bortsett frå på destilleriet.

Destilleriet var det første som vart lisensiert i Dufftown, og vart grunnlagt av James Findlater, Donald Mackintosh og Alex Gordon i 1823. Det gjekk snart over i hendene til Grant-brødrene som “slakta ned” bygningane og brukte utstyret i deira destilleri i Rothes.

Det var George Cowie og sonen Alexander som frå 1850-åra starta opp whiskyproduksjon og styrte Mortlach til ein framtredande posisjon som ein malt blend.

Sjølv om ingen er sikre på kvar det unike destillasjonsregimet har sin opprinnelse, viser Mortlach sin tyngde og posisjon dette som eit av destilleria med ein sterk tru på dei eldre metodane å lage whisky på.

Mortlach var på Cowie sine hender til 1923 då det vart ein del av John Walker & Sons og derifrå via DCL inn i Diageo.

I 2014 vart det kunngjort at det skulle byggast “eit speilbilde” av det eksisterende destilleriet som, når det er ferdig, vil doble total kapasiteten..

2008-2019-103547759723621250358.jpeg

MIKAEL LUNDÈN

Med Mortlach si lange historie som bakteppe vil verten Mikael Lundèn ha ein full presentasjon av whiskyserien vi skal prøve, med litt tradisjonell norsk mat med ein vri. Mikael Lundèn har nesten 40 års erfaring med whisky, og som medlem av “The keepers of the Quaich” og Senior Brand Ambassador for Diageo, vil hans kunnskap og lidenskap gjere dette til ein fantastisk kveld på fjellet.

TRENG DU OVERNATTING?

Hotel Alexandra tilbyr gode prisar på overnatting i samband med Whisky Dinner på Hoven. Dobbeltrom frå kr 1150,- per person (enkeltromstillegg kr. 350,-), som inkluderer overnatting med frukost samt inngang i Alexandra Bad. Ta kontakt for å bestille overnatting: 57 87 50 50 eller alex@alexandra.no

BESTILL BILLETT TIL WHISKY DINNER

Bestill plass på denne linken. Merk at påmeldinga er bindande. Bestilte billettar kan hentast i Fjordshop. For spørsmål ta kontakt med oss på post@loenskylift.no eller 57 87 59 00.