20. mai 2017 opna Loen Skylift - eit av dei største og mest storslåtte reiselivsprosjekta i Norge. Hoven Restaurant er lokalisert på 1011 m.o.h., og ligg heilt ute på kanten av fjellet. Dette er blitt ein av Norges mest spektakulære restaurantar med 350 sitjeplassar, to store vestvende uteterrassar og takterrasse på 1010 m2. Hoven Restaurant er eit 100% eigd dotterselskap av Hotel Alexandra, og tek med seg lang erfaring og gode tradisjonar i drifta av restauranten.

 

BUTIKKMEDARBEIDAR SKYSHOP

Fram til medio oktober har vi ledig ei korttidstilling som butikkmedarbeider i den nye Skyshop & Cafe på takterrassen på Hoven Restaurant. Det er moglegheiter for vidare engasjement.

Relevant kompetanse og erfaring med butikkarbeid er ønskeleg, men er ikkje eit krav.

Vi leitar etter deg som:
- Har godt humør og ei positiv serviceinnstilling
- Er punktleg og ryddig
- Har stor arbeidskapasitet og trivast i ein hektisk kvardag
- Er ansvarsbevisst og til å stole på
- Beherskar norsk og engelsk
- Har fylt 16 år

Arbeidstid for denne stillinga er i all hovudsak dagtid frå måndag til fredag. Vi tilbyr ein innhaldsrik og spanande arbeidsdag i eit godt arbeidsmiljø.

Søknad med CV sendast snarast til jarle@alexandra.no. For meir informasjon kontakt dagleg leiar i Hoven Restaurant Jarle Grov, tlf. 906 39 001.

Publisert 14. august 2019