English

Loen Skylift er ei av dei brattaste pendelbanene i verda, og løftar folk frå fjorden i Loen til fjellet Hoven (1011 moh) på fem minutt. På toppen ligg Hoven Restaurant med 350 sitjeplassar. Anlegget inngår i ein heilårs naturbasert opplevingsarena tilrettelagt for aktive utforskarar, barnefamiliar og for dei som berre vil nyte utsikta. Loen Skylift og Hoven Restaurant vart opna 20. mai 2017. Loen Active driv med aktivitetar som Via Ferrata Loen, zipline, kajakk, SUP brett, aking etc. Loen Skylift, Hoven Restaurant og Loen Active inngår i Hotel Alexandra konsernet.


RESTAURANTANSVARLEG, VIKARIAT

Hoven Restaurant søkjer restaurantansvarleg i 100% stilling.

Vi søkjer deg som er

  • Skandinavisk talande

  • Har erfaring frå før, og god kjennskap til restaurantdrift

  • Har evna til å leie og motivere andre

  • Strukturert og pliktoppfyllande

  • Kan takle høgt tempo, har stor arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner

  • Positiv og kan samarbeide godt med andre

  • Interessert i faget og ønskjer å utvikle deg

Daglege arbeidsoppgåver:

  • Opplæring og oppfølging av servitørar

  • Gjeste- og leverandørkontakt

  • Restaurantbooking, rådgjeving og tilrettelegging av selskap

  • Kasseoppgjer

  • Koordinering mellom avdelingar (restaurant, booking/sal, bar og kjøkken)

  • Setje opp vaktlister

  • Tett samarbeid med F&B Manager

  • Skape ei hyggeleg atmosfære for våre gjestar og yte beste service

Vi tilbyr ein innhaldsrik og spanande arbeidsdag i eit godt arbeidsmiljø. Søknad med CV sendast innan 29. oktober 2023 til jobb@alexandra.no.

Sist oppdatert 2. oktober 2023