Bestill bord

Meny

Opnings-tider

Julebord

med kollegaer eller vener

Hoven Restaurant

Med panoramautsikt heilt på kanten av stupet finn du Hoven Restaurant. Her får du servert mat med lokale råvarer i ein rikhaldig À la carte meny. Vi tilbyr også eigne gruppemenyar. Ope for grupper utanom ordinære opningstider etter avtale. Vi har sitjeplass til ca 320 gjestar i restauranten. Gjennom året skjer det ulike arrangement i Hoven Restaurant.

NYHET! Hoven Grill

Hoven Grill finn du ved sidan av baren. Eit rom omgitt av glas, med utsikt mot fjorden og fjellet bak Hoven. Med peis blir det ei ekstra lun stemning her inne. Frå grillen er det utgong til terrassane. I sommmarsesongen serverer frå ein liten grillmeny og held grill-baren open. I Hoven Grill finn du ulike spel som kan nyttast fritt.  

Hoven Bar & Kafe

Hoven Bar har alle rettigheter, og byr på snacks og smårettar. Vi serverer Nespresso (Cappuccino, espresso osv), kakao, vafler, småkaker og is.   

NYHET! SKY SHOP & café

Ny butikk og kafé på takterrassen vart opna 21. mai. Her serverer vi vafler, sveler, kanelbollar og is. I tillegg har vi varm sjokolade, kaffe, te, cappuccino, espresso og mineralvatn. Her får du også kjøpt suvenirer og diverse til fjellturen.


Arrangement, samlingar, feiringar, firmaturar o.l.

For grupper på minimum 10 personar tilbyr vi gode pakketilbod med Loen Skylift, aktivitetar og servering. På førespurnad opnar vi utanom ordinær opningstid. Ta kontakt, så hjelper vi deg. 


 Kontakt oss for bestilling og bordreservasjon: 
post@loenskylift.no,  +47 57 87 59 00,
bestill online eller bruk vårt kontaktskjema om du har spørsmål. 
Om du ynskjer kontakt med oss laurdag eller søndag: hovmesterhoven@alexandra.no