_BD_5132_2500.jpg
DK_LLH_Loen3_7720_3000-low.jpg
DJI_0264_2000.jpg
_BD_0750.jpg
Biking Loen Active_2000.jpg
_BD_0182-2.jpg
Loen Active SUP_BD_1277 (1).jpg
troebaat Loen Active_1950_low.jpg
IMG_8728 edit 2000 Loen Shuttle.jpg
Fasade Hotel Alexandra.jpg
_BD_5132_2500.jpg

Sommaraktivitetar


SCROLL DOWN

Sommaraktivitetar


Ta Loen Skylift til topps på Hoven, og legg ut på tur innover fjellet. Gode stiar som er skilta og merka gjev tryggleik og energi til å oppleve høgfjellet. Eller kanskje du vil klatre opp for eiga maskin i Via Ferrata Loen? 

Vandring

Via Ferrata

Zipline

Kajakk

Shuttle

Sykkel

Trøbåt

SUP

På tur med guide

DK_LLH_Loen3_7720_3000-low.jpg

Vandring


på skilta og tilrettelagde stiar

Vandring


på skilta og tilrettelagde stiar

BB20180711_LoenSkylift_DSC06476.jpg

Guida tur

Kontakt Loen Active for guida fjelltur frå Hoven.

Ta Loen Skylift til topps og legg ut på tur i høgfjellet med opplagde bein. Gode stiar som er skilta og merka gjev tryggleik og energi til å oppleve høgfjellet. Avslutt fjellturen med eit måltid i restauranten, og kanskje til og med ein solnedgong. Norges lettaste topptur.

Landskapet rundt Hoven tilbyr eit rikt utval av fjellturar med ulik vanskegrad og lengde. Turane varierer frå enkle gruslagde stiar til stiar i meir kupert terreng. Du kan gå på eiga hand, eller bli med på guida tur. Vandring gjennom sommarhalvåret, eller på ski om vinteren. Rundt 70 km med stiar er kartlagt frå Hoven, og arbeidet med å forbetre og tilrettelegge fleire av desse er i gong. Høg kvalitet og bærekraft er nøkkelord. Stiane vert skilta og merka etter internasjonal standard. 

Sesong for fjellturar på Hoven er vanlegvis frå mai/juni  til oktober/november. Dette avhenger av når snøen kjem og reiser. Du kan finne nyttig informasjon på vår live-side.  

Sjå eiga side om tryggleik i fjellet. 

Gjølrunden. Foto: Kjersti Kvamme

1. Gjølrunden 2,2 km / 120 høgdemeter
På denne rundturen kjem du nær spektakulær og dramatisk natur, med panoramautsikt mot Lodalen og Oldedalen. Første tredjedelen av turen har 170 meter stigning, med steintrapper i dei brattaste partia. Lengst mot aust kjem du nær kanten mot Tungegjølet, men så lenge du held deg på stien kan du ferdast trygt. Utsikt til fjord, fjell og bre på høgste punktet. I nord ser du fjella mot Sunnmøre og i søraust ligg Jostedalsbreen nasjonalpark. I lett høgfjellsterreng går stien vidare mot vest. Her kjem du inn på ein grusa tursti som fører deg tilbake til utgongspunktet på Hoven.

 
På veg til Skredfjellet. Foto: Bård Basberg

På veg til Skredfjellet. Foto: Bård Basberg

2. Skredfjellet - 2 km ein veg / 155 høgdemeter
Denne turstien gjev deg utsikt mot fjord, fjell og bre, og er tilpassa alle aldersgrupper. Frå Hoven til Skredfjellet går du på grusa tursti. Nokre korte bratte parti. Etter kvart får du utsikt mot fjorden og dei store dalføra innover mot Jostedalsbreen. Når du kjem opp på fjellryggen ser du Sunnmørsalpane i nord og Gjegnen i vest. Frå toppen ser du utover den 106 km lange Nordfjorden. I aust kan du skimte Skålatårnet 1848 moh. I sør ser du Oldedalen omkransa av isbrear.

 
Skredfjellet. Foto: Bård Basberg

Skredfjellet. Foto: Bård Basberg

3. Hoven - Skredfjellet - Hoven. 7,9 km / 523 høgdemeter
Rundtur over Skredfjellet via Oppheimssætra og tilbake til Hoven. Deler av ruta går på ein høgfjellsrygg på god sti, som gjev panoramautsikt mot fjord, fjell og bre. Halvvegs kjem du til idylliske Nøkketjønn. Kanskje du vil bade saman med Nøkken? Turen går vidare ned til Oppheimssætra før du vender tilbake til Hoven på grusveg. Du kan også gå vidare ned til idylliske Rakssetra. Kan gåast begge vegar. 

 
Fjelltur Loen Skylift. Bard Basberg

4. Årheimsfjellet - 6,3 km ein veg / 340 høgdemeter

Ein tur i kupert høgfjellslandskap, som gjev deg fantastisk utsikt over fjorden, og undervegs oppdagar du stadig nye fjell og brear i det fjerne. Store delar av ruta går på ein fjellrygg. Du føl grusstien til Skredfjellet, og vidare på smalare høgfjellssti ned mot Nøkketjønn. Frå stikrysset ved Nøkketjønn vandrar du i roleg fjellterreng mot toppen av Årheimsfjellet. Retur same vegen, eller via Oppheimssætra og på grusveg tilbake til Hoven.

 
På veg til Staurinibba. Foto: Bård Basberg/Loen Skylift

På veg til Staurinibba. Foto: Bård Basberg/Loen Skylift

5. Staurinibba - 2,7 km ein veg / 379 høgdemeter

Toppen på Staurinibba ligg 1379 moh. Du går på godt tilrettelagt sti heile vegen. Du rundar på nordsida av Tungegjølet - det bratte og smale gjølet som endar ut nede i Loen. Du kjem nær inn på stupbratte fjellsider, men kan likevel ferdast trygt langs den merka stien. Siste halvdelen stig brattare opp mot toppen. Premien som ventar deg er verd slitet - ei imponerande utsikt over indre Nordfjord.

 

Rakssetra. Foto: Hildegunn S. Dragsund

8. Holme / Oppheim via Rakssetra- 6,6 km ein veg/720 høgdemeter

Lett og fin tur på skogsbilveg 720 høgdemeter nedover lia, med flott utsikt mot fjorden, Olden og Oldedalen. Ved sving under Oppheimsetra kan gåande alternativt følge merka sti ned gjennom skogen (2,5 km kortare), eller gå vidare på skogsbilvegen. Ta gjerne ein tur innom Rakssetra og Oppheimsetra. Frå Oppheim er det 5,1 km tilbake til Loen, og det kan difor vere greit med skyss til Loen. 1. juli - 14. august kan du ta Loen Shuttle som køyrer strekninga Loen-Oppheim tre gongar dagleg. Om du treng taxi kontakt Stryn Taxi (57 87 23 50) eller Olden Taxi (950 86 146). Parkeringsplass rett før bommen på Oppheim (parkeringsavgift, årskort for parkering kan kjøpast i Fjordshop ved Loen Skylift).

 

 

GALLERI

DJI_0264_2000.jpg

Via Ferrata Loen


Via Ferrata Loen


Via Ferrata Loen er stengt for sesongen, og opnar igjen til 1. mai 2024.

Via Ferrata Loen er ein spektakulær klatresti som er sikra med wire heile vegen, og tek deg opp frå fjorden til toppen av fjellet Hoven på 1011 moh. Heile vegen med ei storslagen utsikt mot fjorden, Lodalen, Oldedalen, majestetiske Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. På 750 meter over fjorden skal du krysse Europas lengste via ferrata bru, og på toppen møter du Loen Skylift, som tek deg tilbake til fjordnivå.
Turar med instruktør inkludert utstyr kvar dag heile sesongen.

Via Ferrata Loen er ein fysisk krevande tur, og du må vere i normal fysisk form for å klare og gjennomføre.

Som ein del av ruta kan du krysse Gjølmunnebrua, den lengste via ferrata brua i Europa. Brua ligg 750 meter over havet, er 120 meter lang og går over det 160 meter djupe jølet. Turen vil definitivt gje deg sommarfuglar i magen. I tillegg kan du prøve deg på Gjølmunnestrengen, ei 36 meter lang wirebru. Du kan også avslutte med Zipline, som du kan kjøpe når du bookar, ved innsjekking eller i Fjellbutikken på toppen. Om du er klar for ei ekte utfordring kan du klatre dei nye ekstremrutene Tors Hammar og “Ragnarok” - den tøffaste via ferrata ruta i Norge. Retur med Loen Skylift eller til fots via anleggsveg til Holme (8 km) på Oppheim + evt tilbake til Loen (totalt 13 km).

Via Ferrata Loen opnar 1. mai, og sesongen varer til 31. oktober.

Praktisk informasjon

  • Tur med instruktør kl 9, 10 og 11 (maks 40 gjester per avgang) og oppmøte 30 minutt før avgang.

  • Utleige av via ferrata utstyr til dei som ønskjer å gå på eiga hand kun til erfarne via ferrata klatrarar. I midtveke vår og haust kan det vere mogleg å leige utstyr heile dagen. Frå midten av juni til midten av august, samt i helgar kan erfarne klatrarar kun leige utstyr etter kl 14.

  • Minimum vekt på deltakar er 40 kg (ca 12 år) og maks 120 kilo inkludert utstyr

  • Sesong: 1. mai til 31. oktober

  • Oppmøtestad: Loen Active butikken i Loen sentrum

Via Ferrata Loen anlegget er KUN ope for gjester som:

  • bestiller tur kl 9, 10 og 11 med instruktør på Loen Active

  • leiger via ferrata klatreutstyr på Loen Active butikken (NB: kun for erfarne via ferrata klatrarar)

  • har eige godkjent via ferrata klatreutstyr og som registrerer seg med namn og telefonnummer (vedlikehaldspris NOK 200 pr person betaling i Loen Active butikk eller på Vipps 101073) (NB: kun for erfarne klatrarar) etter kl 14

All kommersiell aktivitet i Via Ferrata Loen skal gå gjennom Loen Active.

Via Ferrata Loen

med instruktør, utstyr og retur med Loen Skylift
1695,-

Zipline Loen Lowres 1.jpg

Via Ferrata & Zipline

Via ferrata med instruktør og retur med Loen Skylift
2190,-

11. norwegen-16_501 Simon Schoepf.jpg

Leige Via Ferrata utstyr

Kun for erfarne klatrarar
495,-

ViaFerrata61_Loen_9500_2500.jpg

Via ferrata Loen inkl. instruktør og retur Loen Skylift

Ein erfaren instruktør tek deg med i Via Ferrata Loen til Hoven på 1011 m.o.h. Så tek vi enklaste veg ned - med Loen Skylift. Sikringsutstyr er inkludert. Turen kan kombinerast med lunsj eller middag på Hoven Restaurant. Du vel sjølv returtidspunkt. Meir informasjon om ruta lenger nede på sida.

Pris: Vaksen 1.695,- og barn 1535,-


_BD_0556.jpg

Via Ferrata Loen inkl. zipline og Loen Skylift

Bli med ein av Loen Active sine erfarne instruktørar opp fjellveggen og kryss Gjølmunna i Zipline når du når toppen. Deretter returnerer du til fjordnivå på enkelt vis med Loen Skylift. Hjelm, sele og returbillett til Loen Skylift er inkludert. Zipline kan også bestillast separat. Klatring kan kombinerast med lunsj eller middag på Hoven Restaurant etter turen. Du vel sjølv returtidspunkt. Zipline er open dagleg frå 15. juni til 18. august 2024. I resten av via ferrata sesongen er Zipline open kvar laurdag frå 1. juni til og med i haustferien.

Pris: Vaksen 2190,- og barn 2030,-


Love Storm Photography vfl6.jpg

Leige av via ferrata klatreutstyr for erfarne

Erfarne via ferrata klatrarar som ønskjer å gå turen utan instruktør kan leige via ferrata utstyr (sele og slynge med to karabinkrokar, og hjelm) i Loen Active butikken når Via Ferrata Loen er open for trafikk. Laurdagar, og dagleg frå midten av juni til midten av august, er det utleige av via ferrata utstyr kun etter kl 14 på grunn av våre turar med instruktør (startar kl 9, 10 og 11). Elles i sesongen kan det vere mogleg å starte før kl 14, ta kontakt med Loen Active. All ferdsel på eige ansvar. Dei som kun leiger via ferrata utstyr kjøper eventuell returbillett til Loen Skylift på eiga hand (familiebillett kun i Fjordshop).

Pris: 495,-


image4_2000.jpg

Ragnarok Extreme

I 2019 opna Norges tøffaste via ferrata rute i Loen. Den har vanskegrad F, og med dette har Loen fått eit av dei mest komplette via ferrata anlegga i Europa. Den nye ruta går vest for den klassiske, og er vedvarande ekstremt bratt heile vegen. Å klatre her krev god styrke og uthaldenheit, og dei som skal gå Ragnarok bør ha klatra grad E tidlegare. Dei som er usikre på om dei meistrar denne ruta bør gå den klassiske ruta, og teste seg i den alternative sløyfa gjennom “Tors Hammar” - ei sløyfe i kategori E. Det er ikkje instruktør i Ragnarok-ruta, men du kan leige spesialutstyr i Loen Active butikken. Les meir om Ragnarok her. 

 

BESTILL HOS LOEN ACTIVE

Loen Active  |  post@loenactive.no  |  57 87 58 00

Oversiktsfoto Via Ferrata Loen - alle ruter

Klikk for større kart

Detaljert rutebeskrivelse med gradering på alle delar

 

Klikk for større kart

 

Fakta

  • Inkludert i via ferrata tur med instruktør: Instruktør, sele, hjelm og retur med Loen Skylift.

  • Ta med: Mat, ei stor flaske vatn (to liter), hanskar (kan kjøpast på Loen Active for NOK 60), vindtett jakke, lang bukse, buff og varme klede etter vêrforhold. La Sportiva Hyper (via ferrata sko med vibram såle) kan leigast for NOK 110. La Sportiva via ferrata sko kan også kjøpast hos Loen Active. Baguett à 90 g kan førehandsbestillast frå Loen Active for NOK 75.

  • Estimert tid: Via Ferrata Classic (1, 2 & 3) 5-6 timar inkludert pausar.

  • Anbefalt aldersgrense: 12 år i Via Ferrata Classic (minimumsvekt 40 kg).

  • Sikkerheitsutstyr: Gjest må vege mellom 40 og 120 kilo for at sikkerheitsutstyret skal vere garantert og virke.

  • Vi anbefaler gravide og vente med å gjennomføre Via Ferrata Loen til etter fødselen.

  • Loen Active butikken i sentrum av Loen: Møtestad og utdeling av utstyr. La Sportiva sko (via ferrata, motbakke, fjellsko osv.), kle frå Skogstad Sport, solbriller, hanskar til via ferrata osv er tilgjengeleg for kjøp.

  • Avbestillingsreglar:
    Ved kansellering tidlegare enn 15 dagar før aktivitet, er det 90 % refusjon.
    Ved kansellering seinare enn 15 dagar før aktivitet, og tidlegare enn 4 dagar før aktivitet, er det 50 % refusjon.
    Ved kansellering seinare enn 4 dagar før aktivitet, er det ingen refusjon.


_BD_0750.jpg

Zipline Loen


Zipline Loen


På toppen av Hoven 1000 meter over fjorden får du sommarfuglar i magen og vind i håret. Til saman er Ziplinene 220 meter lange (125 + 95 meter). Her flyr du over øverste del av jølet, med utsikt ned mot Gjølmunnebrua i Via Ferrata Loen. Ziplinene ligg berre 5 min gange nordaust frå toppstasjonen til Loen Skylift, og er lokalisert ved stien frå Via Ferrata Loen. Mange bruker også Ziplinene som avslutning etter via ferrata turen. Ziplinene har start og avslutning på Hoven.

Sesong: Juni - oktober

Opningstider 2024

Zipline er open laurdag 1. og 8. juni, tysdag 4. og 11. juni, og dagleg 15. juni - 18. august kl 13 - 18.
Om hausten er Zipline open kvar laurdag kl 13-18 (til og med 12. oktober). I tillegg vil Zipline truleg halde ope kvar tysdag kl 10-16 frå tidleg i juni til midten av september. Ved gode vêrtilhøve vil Zipline vere open også i haustferien.

Du kan enten bestille online eller kjøpe billett i Fjellbutikken i 2. etg på Loen Skylift Fjellstasjon. Grupper over 15 personar kan bestille utanom ordinære opningstider.

Kontakt Loen Active for meir informasjon.

Prisar


FAKTA

  • Min/maks.: Min 30 kg, og maks 120 kg pr deltakar.

  • Kapasitet: Ca 50 personar per time.

  • Normal fysisk form

  • Vanskegrad: Enkel (men luftig)

BESTILLING / KONTAKT

Bestill online eller kjøp billett i Fjellbutikken i 2. etg. fjellstasjon (Loen Skylift). Grupper på over 15 personar kan bestille utanom dei ordinære opningstidene.

Spørsmål? Kontakt Loen Active, tel +47 57 87 58 00, eller post@loenactive.no

LOKALISERING ZIPLINER

Biking Loen Active_2000.jpg

Sykling


Utleige av hybrid og elsyklar og guida turar

Sykling


Utleige av hybrid og elsyklar og guida turar

Leig ein sykkel, og ta turen til Lodalen eller utforsk andre stadar i området. Loen Active tilbyr også turar på sykkel med guide på forespørsel. Loen Active leiger ut syklar frå sin base i Loen sentrum.

Sykkelutleige

Elsykkel
Loen Active leiger ut fire elsyklar av typen Haibike Alltrack 6, med batterikapasitet på 720 Wh.
Elsykkel, formiddag (kl 10-14) / ettermiddag (kl 14-18) kr 680,-
Elsykkel, heil dag (opp til 8 timar) kr 990,-

Hybrid- og terrengsyklar
Hybrid- eller terrengsykkel, pr time (kun drop in) kr 210,-
Hybrid- eller terrengsykkel, halv dag / opptil fire timar kr 490,-
Hybrid- eller terrengsykkel, heil dag / opptil åtte timar kr 680,-

Prisane inkluderer hjelm. Ein av syklane har barnesete. To juniorsyklar for utleige.

Booking sykkelleige, eller ta kontakt 57 87 58 00 / post@loenactive.no

 
_BD_0182-2.jpg

Kajakk


på Nordfjorden

Kajakk


på Nordfjorden

Opplev Loen frå kajakk på Nordfjorden. Loen Active tilbyr guida turar i doble kajakkar nesten heile året.


Loen Active_Kayak_BD_0638-2 low.jpg

Tur 1: Oppdag padling

Ein kort tur på Nordfjorden, perfekt for nybyrjarar. Tid: 2 timar (kl 10-12). Nivå: Enkel. Minimum alder: 8 år.

Pris: 850,- per person.


67372648_1198053037032182_908001982394925056_o.jpg

Tur 2: Fjordtur

Opplev Loen og indre Nordfjord frå fjorden. Vi stoppar undervegs og fortel om historia og naturen i dette området under Jostedalsbreen. Tid: 3 timar (kl 13-16). Nivå: Middels. Minimum alder: 10 år.

Pris: 1060,- per person.


Loen Active_Kayak_BD_0182-2 low.jpg

Utleige kajakkar (utan guide)

Dei som kan framvise personlig sertifikat, minimum NPF (VåttKort Grunnkurs), EPP2 eller BCU 2STAR, kan leige kajakk.

Dobbel kajakk 2023: 1 time: 520,- | 3 timar: 940- | Heil dag: 1700,-
Enkel kajakk 2023: 1 time: 400- | 3 timar: 620,- | Heil dag: 1200,-

Inkludert: Kajakk, åre, padlejakke, flytevest, hanskar og padlesko, og eventuelt våt- eller tørrdrakt.


Praktisk informasjon

Alle turane inkluderer guide, kajakk, åre, padlejakke, flytevest, hanskar og padlesko. Våt- eller tørrdrakt kan inkluderast. Det er som regel følgebåt med på kajakkturen med guide. Loen Active har base midt i Loen sentrum.

Minimum antal deltakarar: 2 personar på fjordtur med guide.
Maks antal deltakarar pr tur: 24 personar.

BESTILL

Bestill her på denne sida, eller kontakt Loen Active på tel. +47 57 87 58 00 eller post@loenactive.no

Avbestillingsreglar:
Ved kansellering tidlegare enn 15 dagar før aktivitet, er det 90 % refusjon.
Ved kansellering seinare enn 15 dagar før aktivitet, og tidlegare enn 4 dagar før aktivitet, er det 50 % refusjon.
Ved kansellering seinare enn 4 dagar før aktivitet, er det ingen refusjon.

Loen Active SUP_BD_1277 (1).jpg

SUP


Stand Up Paddle

SUP


Stand Up Paddle

Brettpadling, eller stand up paddle (SUP) surfing/boarding, eller på hawaiisk hoe he'e nalu, er ein veksande verdsomspennande sport med opphav frå Hawaii. Det er ei eldgamal form for surfing, og har blitt ein måte for surfere å padle lenger distansar. Du står på eit spesialdesigna surfebrett med noko meir volum, lengde og breidde enn eit vanleg surfebrett, og nyttar ei lang padleåre som ein fører langs sida av brettet.

Loen Active har seks enkle SUP brett til utleige på fjorden, samt to Mega-SUP brett for sju personar per brett for utleige på førespurnad. Leige av SUP brett inkluderer padleåre, redningsvest, våt- eller tørrdrakt og våtsko.

Prisar

2 timar: 390,- pr pers (pr mega SUP brett 1170,-)
3 timar: 590,- pr pers (pr mega SUP brett 1770,-)
1 dag: 840,- pr pers (pr mega SUP brett 2520,-)

Tel. +47 57 87 58 00 eller post@loenactive.no 

SUP padling på Loenbukta. Foto: Marius Beck Dahle

SUP padling på Loenbukta. Foto: Marius Beck Dahle

troebaat Loen Active_1950_low.jpg

Trøbåt


Trøbåt


Trøbåtutleige på fjorden

Loen Active leiger ut trøbåtar frå butikken sin i Loen sentrum. Det er plass til 4 personar i ein trøbåt.

PRISAR

1 time (kun drop in)   kr  210,-
Halv dag / 4 timar        kr 490,-
Heil dag / 8 timar         kr 680,-

Leige av trøbåt inkluderer redningsvest.

Du kan booke trøbåt online for fire eller åtte timar. Om du har spørsmål kan du kontakte dei på post@loenactive.no eller +47 57 87 58 00.

troebaat Loen Active_2_700_low.jpg
IMG_8728 edit 2000 Loen Shuttle.jpg

Loen Shuttle


Loen Shuttle


Shuttlebuss med fire* daglege avgongar Loen - Lodalen - Oppheim
- den beste måten å oppleve Loen og Lodalen på

Periode: 28. juni - 11. august 2024

Hopp på eller hopp av - alt etter kva plan du har for dagen. Kombiner turen med ein fjelltur, bading eller ein båttur på vakre Lovatnet. Bussen har fire/tre* daglege ruter frå 1. juli til 11. august, og er eit tiltak frå reiselivet i Loen for å redusere miljøavtrykket i dalen og forenkle logistikken.

Tider med forbehold om endringar.

Prisar 2023

Vaksne: Dagspass 220,- Todagerspass 290,- Tredagerspass 320,-. Sesongkort: 500,-
Rute 1 ein veg: 120,-. Rute 1 tur/retur: 200,-
Rute 2 ein veg: 80,-. Rute 2 tur/retur: 120,-
Born (6-15 år): Halv pris
Born under 5 år kan følge bussen gratis.

Merk at billettane er personlege. Misbruk fører til inndragelse av billetten.

Praktisk informasjon

  • Inga førehandstinging og ingen plassgaranti

  • Bussen har 22 seter

  • Med dagspass kan du gå på og av bussen så mykje du vil i løpet av ein dag. Merk at dagspasset er personleg.

  • Betaling: Kontantar eller kort ombord på bussen

  • * Fire avgongar til Lodalen, tre avgongar til Oppheim. Første og siste rute for dagen køyrer ikkje til Kjenndalsbreen parkering. Ankomst og avgong frå Kjenndalstova.

Kontakt

post@loenactive.no Tel. +47 906 39 001

 

HØGDEPUNKT

 
 

Lodalen og det smaragdgrøne Lovatnet

Den smale, dramatiske og stille dalen med det grøne vatnet er eit syn av dei sjeldne.

Norges lettaste topptur med Loen Skylift

Spektakulære Loen Skylift løftar deg tusen meter nesten rett opp – til restauranten på kanten av fjellet Hoven. Tilrettelagte vandrestiar av ulik vanskegrad. Prøv zipline over jølet.

Båttur på vakre Lovatnet

Gå av bussen på kaia på Sande og ta vannvegen inst heilt til enden av dalen. Der kan du nyte eit godt måltid, og bli med bussen tilbake til Loen. Førehandbestilling er anbefalt sidan det er avgrensa kapasitet på båten.

Rakssetra (Oppheim)

Rakssetra ligg idyllisk til som eit postkort i fjellsida mot Årheimsfjellet. Dette er ein tur som har blitt svært populær siste tida.

Skåla - Norges lengste motbakke

Skåla, den vakre giganten, ruvar over Loenbygda. Ein sti bygd for hand, snirklar seg gjennom den grove steinura, 1848 vertikale meter frå fjordkanten.

Nasjonalromantiske Breng

Like ved Lovatnet ligg Breng seter. I gammal tid var dette eigen gard, men vart seinare seter for garden Sæten. Her var det tradisjonell stølsdrift fram til kring 1950. I 1970-åra var dette miljøet i ferd med å forfalla. Takka vere stor innsats frå eigarane og offentleg støtte vart Breng seter berga.

Kajakk og SUP på fjorden

Opplev Loen frå kajakk på Nordfjorden. Loen Active tilbyr guida turar i doble kajakkar nesten heile året. Turen kan også kombinerast med ein vandretur.

Via Ferrata Loen

Via Ferrata Loen er ein spektakulær klatresti som er sikra med wire heile vegen, og tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh. Du klatrar heile vegen med ei storslagen utsikt mot fjorden, Lodalen, Oldedalen, majestetiske Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen.

Kjenndalstova kafe og restaurant

En restaurant omringa av overveldende natur med ei tilhørende dramatisk historie. Her kan du nyte tradisjonsrik mat, og nyte ein kaffipause.

Bødalen og Bødalsetra

Ei vakker seter i vill natur - i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Ein enkel og barnevenleg tur.

Bading i Lovatnet

Bad i det friske, smaragdgrøne Lovatnet.

Loen Play

Eit nytt lite leikeunivers for dei minste - midt i Loen

OVERNATTINGSSTADAR I LOEN OG LODALEN

Hotel Alexandra

Hotel Loenfjord

Loen Apartments


Tjugen Camping

Loenvatn

Feriesenter

Sandeåsen Feriesenter


Sande Camping

Helset Camping

Hogrenning Feriehytter

Fasade Hotel Alexandra.jpg

Hotel Alexandra


Hotel Alexandra


Hotel Alexandra er eit familiedrive hotell med historie heilt frå 1884. Hotellet ligg rett under fjellet Hoven, kun 500 meter frå fjordstasjonen. Alexandra er kjend for særeigen og personleg atmosfære, og fristar med den store Alexandra-Buffeten og Alexandra Bad & Spa. Hotel Alexandra si store kongressavdeling har fleksible og tilpassa løysingar for kurs og møter, og kursverten sørgjer for at alt fungerer som det skal. Dei har gode tilbod for barnefamiliar og familieselskap,men også stille "oaser" for deg og din kjære.  Merk at bade- og spaavdelinga kun er for buande gjestar.