Ikkje ver "fjols til fjells"

Sjølv erfarne fjellfolk har ei sunn respekt for fjellet og tek sine forholdsreglar når dei skal på tur i norske fjell. Fjellet er utvilsomt vakkert, men kan fort bli farlig. Du bør difor forsikre deg om at du har treninga, erfaringa, lokalkunnskapen og utstyret som krevs for turen.

Før du legg ut på tur bør du for eksempel gje beskjed til andre om kva rute du har planlagt å følge, og når du har planlagt å nå fram. Sjekk vermeldinga - ikkje berre for der du skal gå, men også i nærområdet – og hugs at forholda raskt kan endre seg. Planlegg kva du skal gjere dersom det blir dårlig sikt, mørkt eller veret stadig blir dårlegare. Er det best å snu eller fins det for eksempel ein kortare veg? Har eg gode nok klede dersom veret blir kaldt eller det byrjar å regne?

Skal du på fjelltur i eit område du ikkje kjenner bør du alltid ha med deg kart og kompass, og mobiltelefon. Det er mange stadar i fjellet som ikkje har mobiltelefondekning, men du kan ha flaks når du treng den mest, så ikkje la den ligge igjen heime. Men hugs at kart og kompass er heilt naudsynt i tillegg. 

Gå på stiar som er godt merka på kartet og følg råda som står på skilt og informasjonstavler undervegs. Hald utkikk etter vardar av stein dersom du går deg vill i fjellet. Vardar fins ofte nær veletablerte stiar og er sett opp med kort avstand til kvarandre, slik at du frå kvar varde skal kunne sjå den neste i rekken. DNT har gode tips rundt kor lang tid ein skal rekne per kilometer i fjellet. 

Ta med lommelykt, lue, vottar og eit ekstra sett med varme klede på alle lengre fjellturar. Merk deg også tider for dagslys. Refleksvest kan også vere lurt. Det tar lite plass og gjer at du er lettare å finne dersom du mot formodning skulle trenge hjelp utanfrå. 

Naudtelefonar
110 - Brann
112 - Politi
113 - Medisinsk nødtelefon
120 - Assistanse til sjøs
22 59 13 00 - Giftinformasjonen
1412 TDD (teksttelefon før døve og hørselshemma)

Sporlaus ferdsel
Av hensyn til naturen og andre som ferdast på fjellet er det viktig å at alle hugsar på prinsippet om sporlaus ferdsel. Her finn du tips til sporlaus ferdsel når du er ute på tur.

Vinterstid

Offpiste Loen Skylift_Bard Basberg.jpg


Mange av forholdsreglane du bør ta om sommaren gjeld også for vinterstid, berre i enda større grad. Når det er kaldt er det enda viktigare at du kler deg i lag med ull, ikkje blir våt, og at du har vindtette ytterkle.

Hald deg varm og tørr, og få nok drikke

Nedkjøling er ditt største problem om vinteren, og det beste du kan gjere for å unngå det er å halde deg tørr og ha nok varme klede. Dersom du må overnatte i terrenget, sørg for å spare på kreftene slik at du har reservar nok til å grave deg ned i snøen eller bygge ly mot vinden.

Dersom du må legge deg ned, sørg for å isolere deg mot bakken eller snøen, slik at du ikkje mister for myke kroppvarme. Ski er fint til dette, sjølv om dei ikke er spesielt komfortable å ligge på. Ein stor ryggsekk kan også brukast som en provisorisk sovepose, og sjølv ein liten sekk vil kunne halde beina dine varme og tørre.

Dersom du blir tørst, ikkje ver redd for å ete snø, så lenge den ser rein og uberørt ut. Det vil kjøle deg litt ned, men dehydrering vil som oftast vere eit meir alvorleg problem enn nedkjøling.

Beskytt synet

Sjølv om det kanskje er midt på vinteren bør du ta med deg eit par gode solbriller. Sola som vert reflektert frå snøen kan vere sterk og kan gjere deg snøblind i ekstreme tilfeller.

Vis kvar du er, og at du treng hjelp

Dersom du må slå leir eller grave deg ned i snøen, sett opp skia i kryss slik at det blir lettere for leitemannskap å sjå kvar du er på avstand.

Varsom.no

Skredvarsling

Unngå snøskred

Unngå å gå på eller under overheng eller andre snørskredutsette stadar, spesielt dersom du ser det har gått skred i nærleiken. Snøskred er mykje raskare enn du er, så det beste er å unngå dei. Hugs å sjekke snøskredvarselet før du legg ut på tur og bruk skredutstyr. No kan du laste ned Varsom-appen i App Store og Google Play. Appen inneheld snøskredvarselet og eit bratthetskart med utløp som gjer det mogleg å planlegge tur utanom skredterreng. Det er anbefalt å bruke sertifisert guide når du ferdast på topptur.

Nytt i 2017: Bruk Regobs-appen for å melde inn om lokale skredforhold.  


FjellvettreglAne

Sjølv erfarne fjellfolk har en sunn respekt for fjellets luner og tek sine forholdsregler når dei skal på tur i norske fjell.

  1. Planlegg turen og meld frå kvar du går.

  2. Tilpass turen etter evne og forhold.

  3. Ta hensyn til vêr- og skredvarsel.

  4. Vær førebudd på uvêr og kulde, sjølv på korte turar.

  5. Ta med naudsynt utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre.

  6. Ta trygge vegval. Gjenkjenn skredfarleg terreng og usikker is.

  7. Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er.

  8. Vend i tide, det er inga skam å snu.

  9. Spar på kreftene og søk ly om det er naudsynt.


Om sommAren


Sjølv om det er varmt og godt om sommaren kan vêret plutseleg slå om, og du bør ha planlagt kva klede du har på deg og med deg i sekken. Pass på at du er beskytta mot sola og er førebudd på vêromslag.

Kle deg varmt

Ei vindtett jakke er eit must, og det er også undertøy av ull, sjølv på varme sommardagar. Vinden på fjellet kan bli temmeleg kald, og sjølv våt ull vil isolere og varme, ei evne det ikkje deler med for eksempel bomull eller nylon. Kle deg lagvis slik at du kan justere temperaturen ved å ta på eller av deg plagg.

Drikk nok vatn

Dersom du går deg vill, spar på kreftene og hugs å drikke nok. Sol, vind og anstrengande fysisk aktivitet kan bidra til å gjere deg dehydrert, sjølv om du ikkje føler deg tørst. Det meste av rennande vatn i norske fjell kan drikkast, men unngå vatn som renner gjennom beiteområde eller frå isbrear, sidan dette kan innehalde skadelege mikroorganismar.

Søk nedover i terrenget

Dersom du må oppsøke hjelp, beveg deg mot lågare terreng der bebyggelse er meir vanleg. Følg bekkar og elvar om du kan: Bebyggelse fin du ofte ved elvebredder og i dalfører.

På isbrear

Gå aldri på ein isbre aleine, sjølv om du er fjellvant. Dersom du vil prøve brevandring, gå i taulag og saman med ein kvalifisert breførar.

Kjelde: VisitNorway