Gratulerer med beslutninga om å gifte seg og feire kjærleiken!

Loen Skylift og Hoven Restaurant er den perfekte staden for å skape ein dag de aldri vil gløyme. Vi har mange moglege alternativ for både seremoni og feiring for både små grupper og grupper opp til 300 personar. Og med gangavstand frå Loen Skylift til Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord ligg alt til rette for eit komfortabelt og hyggeleg opphald i Loen.

Festlokalet

Med ei utsikt som tek pusten frå deg - over fjord, fjell og isbrear - er Hoven Restaurant ein stad få andre kan matche. Heilt på kanten av stupet, med vindauge frå golv til tak skapar naturen ei uforgløymeleg ramme rundt denne lukkelege dagen. Frå medio juni til medio august vil det ikkje vere mogleg å bestille Hoven Restaurant og Hoven Grill for lukka arrangement.

Seremoni

Det er mange nydelege kyrkjer i området, eller du kan gjennomføre seremonien utandørs ved fjorden, eller her oppe på fjellet - midt i alt det storslåtte.

Finne ut meir og starte planlegginga?

Vi hjelper deg gjerne i å realisere din drøymedag. Vi har felles salsavdeling med Hotel Alexandra, og med lang erfaring veit vi kva som krevs ein slik dag - frå mat, blomar, pynt, underhaldning og praktisk gjennomføring. Du kan også nytte ein bryllupsplanlegger dersom du ynskjer det. Om de ynskjer å gifte dykk i kyrkja finn du meir informasjon her, og om de ynskjer borgarleg bryllaup finn du meir informasjon her.

For meir informasjon ta kontakt med vår salsavdeling på post@loenskylift.no eller 57 87 59 00.