BB20170304_LoenSkylift_DSC06474.jpg
_dsc0129.jpg
_BD_0513.jpg

BUSINESS OR PLEASURE?


TEAMBUILDING, KONFERANSAR OG PRIVATE ARRANGEMENT

SCROLL DOWN

BUSINESS OR PLEASURE?


TEAMBUILDING, KONFERANSAR OG PRIVATE ARRANGEMENT

Gjer ein spektakulær vri på arrangementet ditt, og ta med vennegjengen, storfamilien, kollegaer eller kundar på Hoven, 1011 meter over fjorden. For grupper på minimum 10 personar tilbyr vi gode pakkar med Loen Skylift, aktivitetar og servering. Loen Skylift og Hoven Restaurant er ope for grupper på miniumum 20 utanom ordinære opningstider. 

Team-building

Feiring og fest

Bryllaup

Incentiv og konferanse

Tur-operatør

BB20170304_LoenSkylift_DSC06474.jpg

Fjols til fjells


ELLER EKTE RÅTASSAR?

Fjols til fjells


ELLER EKTE RÅTASSAR?

TEAMBUILDING OG GRUPPEAKTIVITETAR

Fjelluft gjer noko med deg. Perspektivet blir større, i dobbel forstand, med utsikt over mektige fjell og fjorden som buktar seg langt der nede. Ein perfekt arena for å bli betre kjent, både med kollegaer men også seg sjølv. Loen Active kjenner fjella her, og har mange års erfaring med å rettleie under aktivitetar, og sørge for ei god oppleving for samtlege deltakarar, uansett form og interesse. Etter uteaktivitetane samlast vi rundt eit måltid mat - høgt og fritt, godt og varmt.

Vi deler dykk inn i lag, og gjennomfører aktivitetane som ein uhøgtideleg konkurranse eller leik. Instruktørar frå Loen Active er tilstades under heile gjennomføringa. Vi kan gjennomføre dette som halvdags- eller heildagsopplegg. Opplegget kan delast i to delar, med innlagt lunsjpause. Velg aktivitetar som passar di gruppe frå menyen vår. Andre aktivitetar på førespurnad. Vi kan også lage ein totalpakke som inkluderer overnatting på Hotel Alexandra eller Hotel Loenfjord. 

Utsikt frå Hoven. Foto: Maarten Verstraete

Utsikt frå Hoven. Foto: Maarten Verstraete

VINTERHALVÅRET

Velg mellom følgjande aktivitetar:

  • Akekonkurranse

  • Tidenes kamprop

  • Snøballblink

  • Trugeløp / stafett

  • Skattejakt med skredsøker

  • Snøbandy

  • Ishockey (Loen)

  • Bygging av snøskulpturar

  • Pannekake-race over elden

  • Sagekonkurranse

  • Spikerslag

  • Hjernetrim: Former og fargar

SOMMARHALVÅRET

Velg mellom følgjande aktivitetar:

  • Sleipner Challenge: Hesteskokasting

  • Vardequiz: Vandretur med innlagde postar med spørsmål.

  • Forsete si øks: Øksekasting

  • Hoven memo: Hugs bileta og gjenskap på kortast mogleg tid.

  • Tautrekking

  • Rett til himmels: Kven bygger det høgste tårnet?

  • Tidenes kamprop

  • Sagekonkurranse

  • Spikerslag

  • Skattejakt med skredsøker

  • Melkespannholding

  • Hjernetrim: Former og fargar

  • Via Ferrata Loen (merk: full dag)

  • Zip line (frå sommar/haust 2019)

Aktivitetane kan gjennomførast som ein konkurranse eller som uhøgtideleg leik. Prisar på førespurnad (minimum 550,- pr person). Tur/retur med Loen Skylift og eventuell servering på Hoven Restaurant kjem i tillegg. Ta kontakt for pristilbod.


HOVEN RESTAURANT

Hoven Restaurant tilbyr a la carte meny og eigne gruppemenyar. Saman kan vi kome fram til eigne konsept, spesielt utvikla for di bedrift eller gruppe. Kanskje dykk vil ha matserveringa utandørs? PS: Mesteparten av våre råvararer er lokale.

OVERNATTING OG MØTEFASILITETAR

Hotel Alexandra ligg rett ved Loen Skylift, og er har gode og moderne fasilitetar for møter i alle storleikar. I Loen går ingen "på byen", alle er samla under same tak enten på hotellet eller på Hoven. Den viktige sosiale ramma rundt samlinga vert difor godt ivareteken. Hotel Alexandra har tre møteavdelingar med til saman 1500 m2 kongress-areal. Dei ulike møteavdelingane er fleksible og kan lett tilpassast ulik bruk og deltakarantal. For mindre grupper fins 17 spesialinnreidde grupperom. Eigen kursvert.  Fritt breiband i heile hotellet. 

VIL DU VITE MEIR, OG FÅ EIT TILBOD?

Kontakt Loen Active - tel. 57 87 58 00 eller post@loenactive.no.

_dsc0129.jpg

Feiring og fest


Feiring og fest


Bryllaup

Skal du feire noko og leitar etter ei heilt spesiell ramme rundt markeringa? Spektakulære Hoven Restaurant ligg 1011 meter over fjorden, og har alle fasilitetar. Restauranten har plass til opp til 300 personar. Plukk frå vår gallameny, eller tilpass menyen og arrangementet til dine ynskje. Det er også mogleg å bruke restauranten utanom ordinær opningstid for grupper over 20 personar. 

Kontakt oss for, så finn vi saman fram til det rette opplegget for dykk.
Tel. 57 87 59 00 eller post@loenskylift.no  

Bryllaup


med gode utsikter

Bryllaup


med gode utsikter

Gratulerer med beslutninga om å gifte seg og feire kjærleiken!

Loen Skylift og Hoven Restaurant er den perfekte staden for å skape ein dag de aldri vil gløyme. Vi har mange moglege alternativ for både seremoni og feiring for både små grupper og grupper opp til 300 personar. Og med gangavstand frå Loen Skylift til Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord ligg alt til rette for eit komfortabelt og hyggeleg opphald i Loen.

Festlokalet

Med ei utsikt som tek pusten frå deg - over fjord, fjell og isbrear - er Hoven Restaurant ein stad få andre kan matche. Heilt på kanten av stupet, med vindauge frå golv til tak skapar naturen ei uforgløymeleg ramme rundt denne lukkelege dagen.

Seremoni

Det er mange nydelege kyrkjer i området, eller du kan gjennomføre seremonien utandørs ved fjorden, eller her oppe på fjellet - midt i alt det storslåtte.

Finne ut meir og starte planlegginga?

Vi hjelper deg gjerne i å realisere din drøymedag. Vi har felles salsavdeling med Hotel Alexandra, og med lang erfaring veit vi kva som krevs ein slik dag - frå mat, blomar, pynt, underhaldning og praktisk gjennomføring. Du kan også nytte ein bryllupsplanlegger dersom du ynskjer det. Om de ynskjer å gifte dykk i kyrkja finn du meir informasjon her, og om de ynskjer borgarleg bryllaup finn du meir informasjon her.

For meir informasjon ta kontakt med vår salsavdeling på post@loenskylift.no eller 57 87 59 00.



_BD_0513.jpg

Incentive og konferansar


Incentive og konferansar


Ta dine konferansar, møter eller incentive-turar til nye høgder i Loen - på det vakre Vestlandet. Teamet som møter deg i Loen har lang erfaring i å arrangere events og konferansar, og tilbyr ei stor breidde i aktivitetar, underhaldning og utflukter – med eit spektakulært bakteppe av fjord, fjell og isbrear. Dei mange moglegeitene gjer at du alltid vil finne noko som passar dine mål for arrangementet.

Loen er ei bygd inst i Nordfjord, under den store Jostedalsbreen. Dette er den perfekte staden for å utforske fjella og den lokale kulturen på dagtid, medan kvelden kan nyttast til velvære og hygge. Vi serverer lokal mat av ypperste klasse - servert i eit flott selskapslokale, til fjells, på vatnet eller kanskje ved eit brevatn? Basen er historiske og velrennomerte Hotel Alexandra. Vi held ope heile året.

AKTIVITETAR OG UTFLUKTER ÅRET RUNDT

Ta med gjestane til hjarte av dei norske fjordane, og gje dei ei oppleving for livet.

Eit utval av aktivitetar og utflukter tilgjengeleg frå Loen:

  • Loen Skylift med spektakulær utsikt og Hoven Restaurant

  • Spa og symjebasseng

  • Fotturar, kajakkpadling og sykling

  • Aking, trugeturar og vandring om vinteren

  • Via Ferrata og Zip Line

  • Briksdalsbreen og Jostedalsbreen nasjonalpark

  • Geirangerfjorden (UNESCO verdsarvstad)

  • Ville og vakre Lodalen

  • Teambuilding - Fjols til fjells

  • Bedriftsbesøk

HOTEL ALEXANDRA

Hotel Alexandra er eit familiedrive hotell, kjent for si særeigne og personlege atmosfære. Ærverdige tradisjonar har blitt kombinert med moderne hotelldrift oga auge for stil og komfort. Symjebasseng og SPA-avdeling med eit breitt spekter av behandlingar, innandørs og utandørs symjebasseng og vannsklie.

  • Kongressområde: 1700 kvm

  • Kongresskapasitet: 700 personar

  • Moderne tekniske fasilitetar / utstyr

  • 337 tilgjengelege rom inkludert Hotel Loenfjord

  • Romslege salongar

KORLEIS KOME HIT

Widerøe flyr til Sandane og Ørsta/Volda som ligg 1 time frå Loen. Fly med SAS, Norwegian eller KLM til Ålesund Lufthavn Vigra, 2,5 timar frå Loen. Transfer vidare til Loen med minibuss, båt via Øye eller Geiranger, eller helikopter. Bergen og Oslo er også alternativ, men krev lenger transfer. Vi set gjerne opp forslag til transport som passar ditt arrangement.

BESTILLING OG FØRESPURNADER

For tilbod ta kontakt med vår salsavdeling på post@loenskylift.no eller 57 87 59 00.