Her finn du retningslinjer utvikla av luftsportsmiljøet. Loen Skylift er ikkje ansvarleg for tryggleiken til luftsportutøvarane - dette er kvar enkelt sitt eige ansvar. Ver venleg og respekter retningslinjene. Brot på retningslinjene kan medføre inndragelse av billetten.

Para-, speed-, og hanggliding frå HOVEN

Hoven er ein regulert flystad i henhold til norsk «Sikkerhetssystem for hanggliding, paragliding og speedgliding NHB-E». Ein gyldig hang-, para- eller speedglidinglisens samt ulukke- og tredjepartsforsikring er obligatorisk når du flyg i Norge. Informasjonstavle utarbeida av Fjordane Luftsportsklubb i samarbeid med Norges Luftsportforbund finn du i fjellstasjonen og på landingsområdet. Merk at hanggliders er for store til å bli frakta med Loen Skylift.

STARTEN

Startbare retningar på Hoven er Ø via S til V. Starten mot retningane Ø-S er på austsida av pendelbana og er spesielt tilrettelagt for luftsport. Eit startområde for retningane S-V ligg på vestsida av restaurantbygninga, starten er krevjande på grunn av terrenget si utforming. Ved start mot S-V vert startområde som ligg lenger oppe i terrenget anbefalt. Følg vegen 300-400 meter oppover frå toppstasjonen, på venstre side av vegen fins nokre startar som er «snillare» og betre egna.

OBS! På dagar med sterk termikk vil det bli skapt rotor på startstadane som ligg på Hoven og det kan bli svært turbulent, kollapsar må forventast både med PG og SPG.

I LUFTA

  • Gjer deg godt kjent med kvar kablane til pendelbana går. Hald trygg avstand til wire, bygningar og installasjonar.

  • Vis omsyn ved topplanding og ha god klaring til publikum. Landing på taket av Hoven Restaurant og nær inntil installasjonane eller gangvegane der «publikum» ferdast er ikkje tillete.

  • Flyging under kablane og nær kabinane er ikkje tillete.

  • Hald trygg avstand til via ferrata og via ferrata-brua, flyging under brua er ikkje lov. Uroa ikkje dei som klatrar i via ferrata.

  • Typisk for området er sterk solgangsbris på ettermiddagen i sommarhalvåret. Sjekk vindretning på landing i god tid medan du har høgde nok til å endre retning for landing, Forholda kan ha endra seg.

  • Utøvarar av base/wingsuit har sin «exit» på fjellhylle under Hoven Restaurant med landing i parken ved Hotel Loenfjord. Vis omsyn til desse ved start og flyging på vestsida av bana.

LANDING

Landingsområde for para-, speed- og hangglider. Klikk for større bilete.

  • Det er etablert landing i Loen (sjå foto). Bruk området som er merka «Landing».

  • Unngå innflyging i lav høgde over hus og hovudveg. Landing i hagar, parkar og på parkeringsplassar i Loen sentrum og ved Loen Skylift er ikkje tillete utan at det på førehand er innhenta spesielt løyve.

  • I vekstsesongen er det viktig å unngå unødvendig trakk i eng, ta med utstyret til vegkanten for pakking.

  • Bilar kan parkere på det oppmerka området langs elva, bruk parkeringsplass ved Loen Skylift dersom behov.

  • Vindpølse er montert på landingsområdet, følg også med på flagg/vimplar i området for å identifisere endring av vindretning.

  • Det er ikkje tillete å campe på landing eller på området for parkering langs elva. Det er fleire campingplassar tilgjengeleg i nærleiken.

HØGDEBEGRENSING OG ANNA LUFTTRAFIKK

Høgdebegrensing i området er 2591 m. (ref. Norway CTA 49). Ved flyging mot sør og mot vest beveger ein seg mot SOGN NE TIA med høgdebegrensing 1372 m. Detaljert luftromsinformasjon finn du her.

For eigen tryggleik i forhold til anna lufttrafikk vert det oppmoda om å melde frå til Sandane Lufthamn om dagleg luftsportsaktivitet før flyging startar, AFIS tlf. +47 57 86 94 22.

Ta vare på deg sjølv, respekter reglane og ikkje utsett andre for fare. Brot på reglane vil medføre bortvising frå Loen Skylift og rapportering til Norges Luftsportforbund.

Lokal klubb: Fjordane Luftsportsklubb

Viktige meldingar til pilotar vil bli gitt på frekvensen 154.175 MHz.
Nødnummer: Politi 112, ambulanse 113.

BASEHOPPING

BASE-hopparar og wingsuitpilotar er velkomne til Loen Skylift. Her finn du retningslinjer for Hoven, utvikla av basehoppmiljøet. Loen Skylift er ikkje ansvarleg for tryggleiken til utøvarane, dette er kvar enkelt sitt eige ansvar. Ver venleg å respektere retningslinjene. Brot på retningslinjene kan medføre inndragelse av billetten.

GRUNNLEGGANDE REGLAR

Landingsområde BASE. Klikk for å forstørre bilete.

  • Tryggleik først

  • Inga flyging under pendelbana når den er i rørsle.

  • Inga flyging nær pendelbana (wire, kabin og mast).

  • Inga flyging under via ferrata brua (Gjølmunnebrua).

  • Inga flyging nær Via Ferrata når det er klatrarar der - 25 meters regel.

  • Landingsområde er merka «landing» på kartet.

  • Ikkje løys ut fallskjermen over bygningar.

  • Pakkeområde er på landingsområde eller ved havna. Inga pakking eller pakkematter er tillete i hotellhagane.

  • Hugs at du er ein ambassadør for luftsport når du flyg frå Hoven.