Loen Skylift løftar deg frå fjorden i Loen til fjellet Hoven på 1011 m.o.h. Bana er ei av dei brattaste i verda, og vart offisielt opna av HM Dronning Sonja 20. mai 2017. I tillegg til bana består anlegget av Fjordshop (billettkontor, suvenirar og kafé), fjordstasjon, fjellstasjon, Skyshop (suvenirar og kafé) og Hoven Restaurant. 

Sjå her for opningstider og prisar.

Fakta om Loen Skylift

Type bane: Pendelbane, med teknologi basert på vektutligning med to store vogner, der den eine går opp medan den andre går ned.
Botnstasjon: Loen
Toppstasjon: Hoven
Leverandør: Doppelmayr Garaventa
Tid i bane:  5-7 minutt kvar veg
Fart: 7 m/s
Antal kabinar: 2
Kapasitet i kvar kabin: 35 personar (45+1)
Kapasitet per time: 350 personar (462)
Høgste punkt over bakken: 173,5 meter
Næraste distanse frå fjell: 9 meter
Brattaste punkt: ca 54 grader
Høgdeforskjell: 989.50 meter
Lengde wire: 1524.40 meter
Diameter bæretau: 42 mm
Diameter trekktau: 32 mm
Normal ytelse hovudmotor: 400 kW
Avgong kvar halve time, men oftare ved stor pågong. 
Handicapvenleg

Leverandør er sveitsisk-østerrikske Doppelmayr Garaventa, den største leverandøren i verda på taubaner.