English

Våren 2019 opna Norges tøffaste via ferrata rute - i Loen. Den har vanskegrad F, og med dette har Loen fått ei av dei mest komplette via ferrata anlegga i Europa. Det nye ruta går vest for den klassiske, og er vedvarande bratt heile vegen. Å klatre her krev svært god styrke og uthaldenheit, og dei som skal gå den bør ha klatra grad E tidlegare. Dei som er usikre på om dei meistrar denne ruta kan gå den klassiske ruta, og teste seg rute 3 “Tors hammar” - ei kort sløyfe i kategori D/E.


Turen startar på grusveg og sti til 435 m.o.h. der ein festar seg i wiren i ruta. Klatringa går etter kort tid inn i overheng der det trengs svært gode klatreferdigheter. Turen er vedvarande ekstremt bratt heile vegen. Ragnarok er kun for erfarne via ferrata klatrarar med svært god styrke. Forhøyr deg med Loen Active om Ragnarok - vi ønskjer ikkje at nokon går seg fast. Hugs at du heile vegen må kunne komme deg ned igjen dersom du går deg fast. For å klatre turen treng du hjelm, klatresele med via ferrata slynge (og kvileslynge). Dette kan leigast på Loen Active butikken.

Loen Active tilbyr ikkje instruktør i Ragnarok.


DSCF2225_1500.jpg

Viktig om tryggleik

  • Loen Active anbefaler at du gjennomfører Tors Hammar (rute 3, kort kategori E-sløyfe) øvst i Via Ferrata Loen to gongar etter kvarandre før du vurderer å gå Ragnarok. Klatring i Ragnarok kan samanliknast med lang klatrerute på klippe i grad 6+ (det er kanskje berre knapt 1 % av våre via ferrata gjester som klarar å gjennomføre Ragnarok).

  • Du skal ha ei tredje via ferrata slynge (kvileslynge) for å gjennomføre ruta. Unngå skru-karabin på kvileslynga.

  • Gode via ferrata sko er naudsynt for å gjennomføre Ragnarok. Dette kan kjøpast eller leigast hos Loen Active.

  • Bruk gummierte hanskar. Kan kjøpast hos Loen Active.

  • Hugs å ta med nok drikke og mat. Vatn er ikkje tilgjengeleg i klatreruta.

  • Det er to retrettmoglegheiter til Via Ferrata rute 1 i løpet av turen.


Bekriving av vanskegradene

E = EKSTREMT VANSKELEG
Vertikalt og ofte overhengande terreng. Ei konstant mental, teknisk og fysisk utfordring. Små og få naturlege fotfeste og handtak. Jernbøylar er berre montert der det absolutt er naudsynt. På seksjonar der maksimal fysisk styrke er naudsynt, kan berre eitt til to forsøk vere mogleg. Krev topp fysisk form og erfaring. Kun for spesialistar! Bruk av tryggleiksutstyr er standard. Anbefalt tilleggsutstyr: Via Ferrata-slynge med og to uttrekkbare armar, og ein tredje arm som er praktisk ved traversering eller pause.

F = EKSTREMT VANSKELEG +
Overhengande fjellparti, utan ståltrinn eller gode naturlege trinn å stå på. Krev ekstremt god fysisk styrke og uthaldenheit. Denne ruta krev erfaring frå grad E. Anbefalt tilleggsutstyr: Via Ferrata-slynge med og to uttrekkbare armar, og ein tredje arm som er praktisk ved traversering eller pause.

Ein ekstra + / - på graderinga aukar eller minskar vanskegrada.


VIA FERRATA LOEN - ALLE RUTER

Klikk på illustrasjonen for å forstørre

ViaFerrataLoenMap+2019_2500.jpg

Galleri