Rakssetra ligg idyllisk til som eit postkort i fjellsida mot Årheimsfjellet og Hoven. Dette er ein tur som har blitt svært populær siste tida.

Seter er frå gammalt av ein plass der ein tok med dyra sine for å beite på sommaren. Bygningane på ei seter blir oftast kalla sel, og desse høyrer til dei ulike gardane i bygda. Det er på grunn av dyra og tidlegare seterdrift at landskapet rundt er så vakkert, og det skal ein takke bøndene for. I dag blir Rakssetra nytta som ferieplass for dei som eig sela der. Det er difor viktig å ha respekt for at det framleis er folk som bur her delar av året og brukar dette som hyttene sine.

Tur til Rakssetra

Turen til Rakssetra startar frå toppen av Loen Skylift eller på Oppheim. Dersom du køyrer til Oppheim/Holme og parkerer bilen på parkeringsplassen betaler du ei parkeringsavgift. I starten føl ein anleggsvegen frå/mot Hoven før ein deretter tar føl ein merka sti som fører til Rakssetra. Her er det panoramautsikt til Olden og Loen. Setra ligg på ca 540 moh. På vegen til/frå Rakssetra finn du Oppheimsetra på 640 moh. Heile vegen går du på fin sti eller grusveg.

Guida tur med Loen Active - heile året

Loen Active tilbyr turar med lokalkjende guidar til ulike turmål i Loen og omegn, og Rakssetra er eit av turmåla. Turen kan gåast heile året. Om vinteren brukar vi truger. Ta kontakt på 57 87 58 00 eller post@loenactive.no

Rakssetra. Foto: Hildegunn S. Dragsund

Loen Active

Tilbyr skreddersydde fjellturar