Hausten er her. Lufta blir skarpare, og naturen skiftar lune og farge. Også er det så godt å kome inn etterpå. Fyr på peisen og noko varmt i koppen, medan kjakane blussar av frisk fjelluft. Kom til Loen og ta litt fri.

Haust i fjellet

Loen Skylift. Foto: Marius Beck Dahle

Loen Skylift. Foto: Marius Beck Dahle

Hoven Restaurant. Foto: Danielle Langedal

Hoven Restaurant. Foto: Danielle Langedal

Etter eit svev på nokre minutt frå fjorden i Loen stig du ut på toppen av fjellet Hoven, 1011 meter over havet. Her oppe kan du utforske fjellet til fots, eller berre nyte utsikta frå takterrassen eller restauranten. Du kan sjå Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør og Nordfjorden som strekkjer seg mot Stryn i vest. I Hoven Restaurant kan du nyte lokal mat frå menyen, og varm sjokolade framfor peisen. 

Vardevandring og friske fjellturar

På veg til Skredfjellet. Foto: Bård Basberg/Loen Skylift

På veg til Skredfjellet. Foto: Bård Basberg/Loen Skylift

Frå fjellstasjonen på Loen Skylift startar mange flotte, godt skilta stiar for alle nivå. Infotavle finn du fleire stadar på toppen, og turane er skilta og godt tilrettelagt. Velg turen som passar deg, enten du vil gå langt eller berre vil spasere ein liten runde. Loen Active tilbyr guida turar for dei som vil ha det. I veke 40 og 41 er det vardevandring på Hoven. Hoven ligg 1011 m.o.h. så det kan vere mogleg at det ligg snø i fjellet seint på hausten. Følg med på webkamera for verforholda på Hoven. Nede i lavlandet finn du også flotte turalternativ. Turkart finn du i Fjordshop.

Via Ferrata Loen

Via Ferrata Loen. Foto: Simon Sjökvist

Det fins meir strabasiøse vegar til topps på Hoven. Ein av dei er klatrestien Via Ferrata Loen. Som ein del av ruta opp mot Hoven, kan du krysse den 120 meter lange Gjølmunnebrua, den lengste Via Ferrata-brua i Europa. Den er spent opp 750 meter over fjorden, og vil garantert gje sommarfuglar i magen. Dei som vil teste kreftene litt ekstra kan ta “Tors Hammar”-sløyfa på slutten av ruta. I 2019 opna vi også Ragnarok, Norges tøffaste via ferrata, for dei med styrke og god klatreerfaring.

Zipline Loen

Luftig over Loen. Foto: Marius Beck Dahle/Loen Skylift

Luftig over Loen. Foto: Marius Beck Dahle/Loen Skylift

På toppen av Hoven 1000 meter over fjorden opna to nye ziplines som er henholdsvis 125 og 95 meter lange. Her kan du fly over øvste delen på Tungejølet, med utsikt mot hengebrua i Via Ferrata Loen. Ziplinene ligg berre 5-10 min gange nordaust frå toppstasjonen til Loen Skylift, og er lokalisert ved stien frå Via Ferrata Loen. Mange brukar også ziplinene som avslutning etter klatreturen. I haust er ziplinene opne på utvalde dagar.

Nyt spa-livet

Hotel Alexandra

Hotel Alexandra

Det er ekstra godt å nyte eit varmt boblebad ute i frisk haustluft, med høge fjell og ein blå fjord som kulisse. I Alexandra Bad & Spa finn du ulike symjebasseng, barneområde, sklie og badstover. I spa-avdelinga er det flinke terapeutar som tilbyr ei rekke herlege spa-behandlingar. Merk at Alexandra Bad & Spa kun nyttast av buande gjestar.

Kajakk på fjorden

Kjakk på Nordfjorden. Foto: Beate Marie Sollien Høgberg

Kjakk på Nordfjorden. Foto: Beate Marie Sollien Høgberg

Loen Active tilbyr guida kajakkturar på fjorden og på Lovatnet på førespurnad. Dersom du har våttkort kan du leige kajakk. Loen Active har også SUP-brett til utleige.

Skåla

Skåla. Foto: Sverre Hjørnevik

Skåla. Foto: Sverre Hjørnevik

Eit anna høgdepunkt i Loen er 1848 meter høge Skåla. Denne toppturen vert rekna som den i Norge med størst høgdeforskjell frå fjord til fjell. Her finn du Skålatårnet som har blitt kåra til Norges mest spesielle turisthytte. For nokre år sidan vart også Skålabu sett opp like ved. Merk at det kan vere snø i høgda på denne tida av året, og at turen er svært krevjande grunna dei mange høgdemeterane. Les meir om turen til Skåla her.

Fagre Lodalen

Breng i Lodalen. Foto: Scott Sporleder/Matador Network

Breng i Lodalen. Foto: Scott Sporleder/Matador Network

Lodalen er ei nasjonalromantisk perle, og dalen si dramatiske historie gjer dalen heilt spesiell. Inst i dalen ligg Kjenndalsbreen, som er Jostedalsbreen sin lågast liggande brearm. Lenger nede ligg den sjarmerande setra Breng, som er eit ynda fotomotiv. Ein av sidedalane heiter Bødalen - eit flott turområde med Bødalsætra og utsikt til Bødalsbreen. Bødalen er også utgongspunktet for turar til sjølvaste Lodalskåpa ("Vestlandsdronninga") (2083 m.o.h.). 

Magi og bading på Hotel Alexandra

Hotel Alexandra

Denne hausten blir magisk på ærverdige Hotel Alexandra. I haustferien skal magikar, komikar og buktaler Erik Mogeno (kjend frå Norske Talenter) underhalde store og små med to daglege show og trylleskule. Det blir også natursti rundt hotellet kvar dag i haustferien og barnedisco i Alex Dancing. Badebassenget er oppvarma både ute og inne. Merk at Alexandra Bad & Spa er kun for buande gjestar.

Fisketur på Lovatnet

Lovatnet. Foto: Sergey Bogomyako

Lovatnet. Foto: Sergey Bogomyako

På Lovatnet leiger Sande Camping ut både robåtar, kanoar og fiskeutstyr, så du kan prøve å få en ørret på kroken. Det er gratis fiske i heile Lovatnet, så fiskekort er ikkje naudsynt. Gjennomsnittsvekta på ørreten i vatnet er ca 200 gram, men den største fisken som er fått i garn i det siste er på heile 9,2 kilo. Turid og Magne på Sande Camping gjev enkel opplæring og gode råd. 

Leik og moro i Loen Play

Loen Play. Foto: Christer Lunde Solberg

Loen Play er det nye leikelandet i bygda, og her kan borna få ut energien og kose seg uansett vêr. I første etasje finn du aktivitetshuset for dei frå 3-12 år, samt ei avdeling for dei aller yngste. I kjellaren er det aktivitetar for dei litt eldre borna.

Sykkeltur under nasjonalparken

Lodalen

Lodalen

Leig sykkel og elsykkel med Loen Active, og trø oppover Lodalen langs Lovatnet, og kanskje heilt til Kjenndalen? Heile vegen er du omringa av dei majestetiske fjella i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Loen Active har også to juniorsyklar og ein sykkel med barnesete.

Beach-klatring

Beachen klatrefelt. Foto: Einar Løken/Breogfjell

Beachen klatrefelt. Foto: Einar Løken/Breogfjell

Nokre få kilometer frå Loen ligg klatrefeltet “Beachen”, eit av dei beste i Norge. Eit overheng held fjellet tørt sjølv i regn. Rutene er gradert frå 7+ til 9–, og nesten alle er 30 meter lange.

I nærleiken

Haust i Briksdalen. Foto: Ruben Soltvedt

_file=3akanae8_2089098324.jpg

Med Loen som base kan du enkelt nå andre flotte attraksjonar og aktivitetar som Briksdalsbreen, Geirangerfjorden, det nye vikingsenteret Sagastad, og til og med nå heilt til kysten på berre 1,5 time. Dei aktivitetssøkande kan teste den nye klatreparken i Stryn, sykle på stiar i Hjelledalen eller på Sandane eller surfe på Stadlandet.

Shopping

_DSC0681_2000.jpg

I Loen finn du Fjordshopen til Loen Skylift med diverse souvenirar, gåveartiklar og klede, Loen Active-butikken med Skogstad-klede og LaSportiva-utstyr, og souvenir- og gåvebutikken på Hotel Alexandra. På Hoven finn du Skyshop’en med diverse gåveartiklar og klede. Stryn sentrum ligg kun 10 minutt unna, og her finn du eit stort utval av butikkar, og m.a. utsala til dei lokale klesmerka Skogstad Sport, Ricco Vero og Moods of Norway. Skogstad Sport har også lagerutsal i Olden (6 km frå Loen) og i Innvik (24 km frå Loen).

Dette skjer hausten 2023

15.-16. september: Oktoberfest
23. september: Eid Mannskor
30 september - 15. oktober: Vardevandring på Hoven
3.-14. oktober: Støylsturar med lokal guide
7.-14. oktober: Magi og moro med Erik Mogeno på Hotel Alexandra
6.-8. oktober: Strynemessa
27. oktober: Kahoot Fredagsquiz
27.-29. oktober: Smaken av haust, Hotel Alexandra
27.-29. oktober: Luftsporthelg
24. november: Kahoot Fredagsquiz
(meir kjem)

Følg med på loenskylift.no/kalender